Velkommen til Hardanger Kulturgalleri

Utsikt

Nb! Kaféen og galleriet vert stengd laurdag 26.mai grunna lukka arrangement.

Sundag 27. mai stengjer kaféen kl 15:00 grunna lukka arrangement.

Hardanger Kulturgalleri byr på mangfaldige opplevingar i vakre og unike omgjevnader. Her kan ein oppleva kunst, byggjekultur, natur som sjølv Theodor Kittelsen ville ha lengta etter, matservering, musikalske arrangement, ein utsikt over Hardangerfjorden som tek pusten i frå ein… Ja lista er lang, og vil verte lengre, alt ettersom kulturgalleriet utviklar seg.

For Kulturgalleriet er i utvikling, og vi går spennande tider i møte. Sesongopninga i år føregjekk laurdag 28.april, med fellesutstilling av Anne Hesvik og Arne Bakke Mælen. 16. juni kl 14:00, har vi også gleda av å kunne presentere Inga Dalsegg si soloutstilling. Fleire utstillarar vil koma, og vil presenterast så snart vi er heilt klare med utstillingsprogrammet.

I kafeavdelinga tilbyr vi enkel matservering frå kl 11 - 16 tysdag til fredag, og 11 - 17 laurdag og sundag.

Det er mogleg å bestille Kulturgalleriet for ulike arrangement som bryllaup, kurs m.m. etter nærmare avtale. Vi kan også kunne tilby 10-12 sengeplassar.

Vi er i gong med å laga eit spennande konsertprogram som vi vonar at folk frå fjernt og nær vil ha ynskje om å oppleva. Konsertprogrammet vert annonsert under “Arrangement” på menyen, så snart dei ulike konsertane/arrangementa er fastslått.

For å lesa meir om sjølve Kulturgalleriet: Klikk her


Powered by Internet Marketing Tool WP SEO Manager