Under utvikling
Dette skjer i og rundt kulturgalleriet i næraste framtid.
Vardekunstløype med røter i ny og gamal tid
Vardekunstløypa er eit prosjekt som er i emning, her er ei skisse over prosjektet: Prosjektskisse Vardekunst
Faksimile frå Hordaland Folkeblad 13. april 2007:
Kunst skal visa veg
(Av Åsmund Soldal)
Ei kunstløype frå riksveg 550 til Mælen kan verta ein ny attraksjon. Vegen til Mælen i Herand byd på natur og utsyn. Opplevinga kan snart verta krydra med kunst.
Hardanger Kunstgalleri [sic] i Mæle og kunstnarsamskipnaden Harding Puls står saman bak planen om å byggja ti steinvardar på strekkja frå riksveg 550 til tunet i Mæle. Vardane er tenkte å vera sokkel for kunstverk av ulikt slag, opplyser biletkunstnar Solfrid Aksnes, leiar i Harding Puls. Ho fortel at ideen kom ein gong det var tale om å skilta vegen til Mælen.
- Me fann snøgt ut at det naturlege vil vera å varda vegstrekkja, men som vanleg er det pengane som avgjer, seier ho til HF.
Aksnes trur det vil ta tid før prosjektet vert realisert, men seier ho vonar å få pengestønad både frå kommunen og Turisveg Hardanger. Vertskapet i Mæle, Gry Melstveit og Arne Bakke Mælen, utgjer ei arbeidsgruppe saman med Solfrid Aksnes og Torunn Øvsthus. Dei skal gjera ein tanke om til vardekunstløype. Dei er overtydde om at løypa vil verta eit spennande innslag i Herand lanskapspark. Herand bygdelag har alt lova å rydda skog langs vegen.
Ifylgje Aksnes er løypa tenkt som ein godkjent avstikkar til den nye strekkja av Turistveg Hardanger, som opnar i mai. Men løypa vert realisert sjølv om turistvegstyringa skulle seia nei.
- Me treng fagfolk til å mura vardane, og vil søkja kommunen om stønad til arbeidet, seier Aksnes.
Arbeidsgruppa har invitert Jondal kommune på synfaring i neste veke. Aksnes seier medlemene i Harding Puls og andre kunstnararvert oppmoda om å bidra til utsmykking av løypa. Det er meininga at kunsten skal stå permanent på vardane, og verka må difor tola ver og vind.
Rydding av gamle ferdsel-vegar
Tursti (”Sjydnavegen”)
“Sjydnavegen”
Gamle murar