Om Kulturgalleriet
Hardanger Kulturgalleri ligg ca 20 km. nord-aust for Jondal ferjekai i retning Utne-Odda. Hit kan ein også koma sjøvegen på fine dagar. Frå kaien er det ein fin gangveg på ca 10-15 min. opp til galleriet. Sjøvegen blei nytta til all ferdsle fram til 1977.
Kulturgalleriet stod ferdig i 2005, og er eit nytt bygg oppført i kombinasjon av gamal og ny arkitektur/ byggjestil. Her stod det tidlegare ei gamal løe frå ca. år 1750 +/-. Grunnlaget for nybygget var eit sterkt aukande behov for ein ny tredreiarverkstad på garden.
Kulturgalleriet ligg som ein del av eit gamalt “rekkjetun” med bygningar frå ca. 1500/1600 og fram til i dag. Rekkjetun er det svært få att av i landet. Det har såleis historisk verdi, både på lokalt og nasjonalt plan. Prosjektet vart påbegynt i 1998, og starta med opprensking og tilrettelegging av parkeringsplassar for bilar, og snuplass for bussar. Alle murane som er oppførde, har stein som er funnen på garden og områda rundt.

Det er over 800m2 ny tørrmur, og det viktige har vore å få dei nye murane til å gli inn med dei gamle som var oppførd for fleire hundre år tilbake. Det aller meste av materialane er hogd på garden. Til oppvarming blir det nytta flis frå verkstaden. Denne går gjennom eit forbrenningsanlegg og varmar opp bygget,
samt vatn til kjøkken og dusj/bad. Dette er eit heilautomatisk lukka system etter eigen idè.
Kulturlandskapet
Rundt Kulturgalleriet finn ein eit heilt særmerkt og spennande område.
Her er stiar og fornminne frå ulike tids-epokar, fauna, dyre og fugleliv og anna, noko bileta viser.
Gamle gruveinngangar
Styva gamalt almetre
Styva asketre
Gamal utløe
Smie ved sjøen
Naust
Skotsk høglandsfe
Eksempel på tursti