Arrangement

HELGE JORDAL - 25.MAI KL 20:00

Vi er særs glade for å kunne presentere “En kveld med Helge Jordal” no når Hardanger er på sitt vakraste. Jordal vil for anledninga sy saman eit heilt spesielt program denne kvelden i Kulturgalleriet, blant anna utdrag frå “Førstereis”, som både i fjor og i vår har gått for fulle hus ved Den nasjonale scene i Bergen.

 Bill: kr 250,-            Dørene opnar kl 19:30.

Det er mogleg å reservere plass og billett ved  å sende sms til mob: 46 66 04 41. Det vert også billettsal i døra. Etter konserten vert det mogleg å bestille Husets hjortegryte til kr 250,-.

Det er enno nokre ledige overnattingsplassar denne dagen, til kr 350,- per person for dei som skulle trengje det. Ring mob: 46 66 04 41 for reservasjon av rom.

 

MARVIN HALLERAKER OG HALVOR HALLERAKER - 15.JUNI KL 20:00

Satiriske strekar og vakre popsongar
- Innsyn i ein kunstnarskalle

Å teikne eit bilde, eller skrive ein song. Begge deler handlar om å ha ein ide, og fortelle ei historie.

Marvin Halleraker har teikna heile livet. Kvar veke kan du sjå streken hans kommentere politikk og samfunnsliv i Bergens Tidende, Vårt Land eller Morgenbladet. Han er prisløna illustratør og barnebokforfattar. Men for fem år sidan skjedde det noko. Blyanten og fargane var ikkje lenger nok. Marvin begynte å skrive songtekstar og melodiar. Han kjøpte seg gitar og begynte å øve. Resultatet kom ut på plate i fjor, “There’s another green”, til gode kritikkar. To av songane fekk innpass på spelelistene til NRK P1.

Til Hardanger Kulturgalleri tek Marvin med seg både bilete og songar. Saman med bassist og intervjuar Halvor Folgerø, har han laga eit slags musikalsk lysbildeshow, der du får eit innblikk i korleis ein avisteiknar tenkjer og jobbar. Korleis illustrere eit landsmøte i Frp, eller mastemotstand i Hardanger? I tillegg får du høyre Marvin si djupe røyst synge om dei evige tema: livet, døden og kjærleiken.

http://www.youtube.com/watch?v=Q_-bZICWxno

Bill: kr 200,-

Billettkjøp i døra, eller de kan reservere plass ved å sende sms til nr: 46 66 04 41.

Det vert sal av mat etter førestillinga, for dei som ynskjer.

Velkommen!

DEN STORE SOMMARFESTEN  -  20.JULI

CAPTAIN GONE - SHETLANDSKVELD - LOKALE MUSIKARAR M.M.

Vi tek opp att fjorårets suksess med lang konsertkveld, kor fellesnevnaren for dei musikalske krumspring er at artistane som gjestar scena denne kvelden har ei nær og kjær tilknytning til Hardanger. Her kjem Shetlandsjentene siglande frå Shetland, Captain Gone frå Oslo, og ei og anna herleg overrasking frå Kvam dukkar nok opp.

Som i fjor vil vi stille opp med heilgrilla gris på menyen, og kanskje også gropgravd hjort.

Velkommen til ein uforgløymeleg aften!

PS. Meir info om pris og tidspunkt vil fylgje.